Me ønsker velkommen til kortreist frukost eller lunsj i eldhuset. Vedfyrt steinomnsbrød, lokalmat frå Flåm og områda rundt. Treng du eit unikt lokale for dei gode samtalane, vennegjengen eller neste samling på jobb?
No kan du få vera med å laga din eigen pizza steikt i den vedfyrte steinomnen.
Servering og møte
Eldhuset er ein flott stad for møte og selskap. Enten du driv næring og treng ein god og lun stad for dei gode samtalane eller skal ha eit mindre arrangement med venner. Me serverar 3- retters middag laga i og rundt steinomn
Me held òg kurs i brød – og flatbrødbaking med plass til 8 per.
I tillegg til brød og flattbrød bakar me lefser og andre bakevarer og produserar syltetøy, granskotsirup og bjørkelausaft.
Ta kontakt for bestilling
Frå 6 til 14 personar
Ta kontakt for bestilling og pristilbod