image

Fjordsafari

har RIB-båtar til å oppleve og utforske naturen og dyrelivet på nært hald. Dei tilbyr ekskursjonar i både Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, begge greiner av Sognefjorden. Området representerer ekstrem, dramatisk og mektig natur. Guiden fortel om fjordlandskapet, lokal historie og dyreliv, og deler gjerne ei god soge med deg. God moro for både liten og stor. Sjå Fjordsafari for meir informasjon
image

Stegastein

ligg 640 moh på Fv 243 mellom Aurland og Lærdal ( Snøvegen ). Plattforma som er 30 meter lang og er ein del av det Nasjonal turistvegprosjektet, som opna i 2006.  Her ifrå kan du sjå store deler av Aurlandsfjorden og bygdene ikring. Meir info om Stegastein, sjå http://www.sffarkiv.no
image

Nærøyfjorden

Vandreturar i Nærøyfjorden Verdsarvområde Vandreturar i kjerneområdet av Nærøyfjorden Verdsarvpark gjev ei heilt spesiell oppleving. Les meir om dagsturar, to- og tre-dagarsturar hos sakte.no
image

Ytrelid til Otternes

Vandretur frå Ytrelid til Otternes Vandretur frå Ytrelid til Otternes – 2-4 timars tur. Opplev norsk kultur og landbruk på ein nye måte. Dette er ein tur som gjev deg assosiasjonar til ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”.
image

Flåmsdalen

Dagstur i Flåmsdalen Dagstur i Flåmsdalen. Turen startar på Myrdal stasjon, endepunkt for Flåmsbanen 865 moh, derifrå fylgjer me Rallarvegen til fots eller på sykkel ned til fjorden. Rallarvegen stod ferdig i 1898 og vart først nytta under bygging av Bergensbana, og seinare Flåmsbanen.  Sjå meir på sakte.no for vandreturar over ein eller fleire dagar.
image

Undredal

Egnar seg godt som ein heil dag, innhaldsrik rundtur, der du kan besøkje verdas minste stavkyrkje, smake på kvit og brun geitost frå Undredal Stølsysteri eller besøkje ein av fjellgardane i området. Sjå Sakte for dagturar, Visit Undredal, eller ta ein fjordsafari med Flåm Guide Service.