Om oss

– Skal eg vera godt vertskap for alle gjestene mine, må eg ha kunnskap om plassen vår, seier Jorunn.  – Då vert møte mellom menneske verdifult.

Jorunn Heggdal er oppvoksen i Flåm. Ho driv ei lita bedrift med overnatting og  servering i eldhus i verdas vakraste fjordlandskap. Jorunn er bygdevert og deler av sin kunnskap om historie og lokalkultur.

Ho har utdanning frå Høgskulen i Sogndal innan lokalhistorie, kulturlandskapskjøtsen og kulturminnekunnskap, og har kunnskap om natur og kulturhistorien i nærområdet. Dette formidlast til dømes under matservering i Eldhuset. Gjestene skal kunna høyra, sjå, lukte og smaka når dei er i Flåm!

Vegen til Flåm
Flåm ligg i knutepunkte mellom vest og aust. Her gjekk dei gamle ferdselsvegane alt før vikingtida. I dag er tek det ikkje så lang tid å koma til Flåm.

Bergen – Flåm 166 km.
Oslo – Flåm 329 km.
Trondheim – Flåm 485 km.
Sogndal – Flåm 68,6 km.

Vegen til Flåm Oppleving:
Med tog frå Oslo eller Bergen, går du av på Håreina stasjon. Hugs at du må avtale avstiging med konduktør på Flåmsbana!

Med eigen bil. Ta av frå E16 etter Flengjatunellen (frå sør og vest) eller Fretheimstunellen. (frå nord og aust.) Køyr ca. 3 km opp dalen og ta av til venstre opp bakken, i ein skarp sving ca. 200 før Flåm kyrkje. Etter 200 meter kryssar du jernbanelinja ved Håreina stasjon og tek til høgre like etter. 100 meter oppe i bakken ligg Eldhuset og bustaden med leilegheitene.

Kjem du på sykkel kan det være naudsynt å nytta buss eller ferje enkelte strekningar, grunna lange tunellar. Elles som ved eigen bil.

Kjem du til fots er ditt eige kart den beste vegvisaren.

..