image

Aktivitetar

Bygdeverten Jorunn skreddarsyr eit totalopplegg for deg og dine. Frå overnatting, opplevingar og besøk hos spanande produsentar i regionen.
image

Eldhuset

Me ønsker velkommen til kortreist frukost eller lunsj i eldhuset. Vedfyrt steinomnsbrød, lokalmat frå Flåm og områda rundt. Treng du eit unikt lokale for dei gode samtalane, vennegjengen eller neste samling på jobb?
image

Overnatting

Overnatting i romslege leilegheiter frå 4-6 personar, god standard og eit godt og sentralt utgangspunkt for farande fantar i det vakre  fjordlandskapet.
image

Små skattar frå Flåm

I Eldhuset produserer me produkt av lokale råvarer alt etter årstidene. Kom oppom Eldhuset og smak!

Her er sesongens produktar.

image

Flåm Oppleving har fått nye nettsider

Nye nettsider kom på plass i mars og me er særs nøgd med resultatet. Eldhuset og produkta knytta til Flåm Oppleving er no lett å finne fram i. Sidane er utvekla av Designbyrået Karlsens og programmert av Øystein Dahle i Seltop. Me takkar for godt samarbeid.

image

Samarbeid med Sakte

Me er medlem av alliansemerket Sakte, eit reiselivsprodukt med fokus på kortreist mat, bærekraftig reiseliv og gode opplevingar. I desse dagar utveklar me pakkar for deg som ønskjer å vere i Flåm frå ein til fem dagar. Ta ein titt på aktivitetane våre.